Du er her: Hjem / Grieg Force / Grieg Force nyheter /

MED GRIEG TIL BANGLADESH
14. mai 07
I samband med Grieg-markeringa skal folkesongaren Unni Løvlid og pianisten
Joachim Kjelsaas Kwetzinsky gje konsertar mellom anna i Bangladesh, Jotunheimen og på Island.

Grieg i Bangladesh
I fjor var Bangladesh eitt av dei landa som markerte Ibsen-året sterkast, og no står Grieg for tur. Center for Asian Theatre har i samarbeid med UD og den norske ambassaden i Bangladesh tatt initiativ til ein konsert 18. mai med dei norske musikarane.
 
Saman med skodespelarar og musikarar frå Dhaka vil dei presentere utdrag frå "Peer Gynt" og "Norske folkeviser opus 66". Dei vil òg gje ein barnekonsert med Grieg sin musikk i regi av organisasjonen Kachi Kanchar Mela, samt møte studentar og lærarar på Dhaka universitet.

Grieg i Jotunheimen
Deretter skal Løvlid og Kwetzinsky ut på ein lengre turné til stader i Jotunheimen der Grieg henta inspirasjon og materiale til sine "Norske folkeviser opus 66", slik som Luster, Turtagrø, Lom, Eidsbugarden og Vetti i Årdal. I tillegg skal dei gje konsertar på Fossli ved Vøringsfossen (der Grieg sat og skreiv sitt opus 66), Leirvassbu,
Spiterstulen, Troldhaugen, Oslo Grieg Festival, samt to konsertar på Island.
 
Grieg tolka og omarbeidde folketonane han høyrde til klaverstykke og samla dei i sitt opus 66. Mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Seinare skulle det bli fleire møte med ho i Jotunheimen, og ho er truleg kjelda til åtte av songane i samlinga. Løvlid og Kwetzinsky har intervjua personar som kjende Gjendine Slålien og vil formidle delar av dette materialet vidare til publikum. Dei vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon.

Musikarane
Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky representerer begge Grieg07 og er del av Grieg Force.
 
Løvlid er ein av våre mest etterspurde og allsidige folkesongarar. Ho vart i fjor kåra til "Årets folkemusikkartist" på Folkelarm.
 
Kwetzinsky er aktiv som konsertpianist i Norge og i utlandet. Han vart i 2004 plukka ut til Rikskonsertene sitt lanseringsprogram
Intro-klassisk.
 
Konsertoversikt
Torsdag 17/5 – Dhaka/Bangladesh
Fredag 18/5 – Dhaka/Bangladesh, The British Council

Lørdag 16/6 – Luster, Fjordstuen (opning av Grieg-utstilling)
Søndag 17/6 – Eidfjord, Fossli hotell
Fredag 22/6 – Luster, Turtagrø hotell
Lørdag 23/6 – Vang, Eidsbugarden hotell
Søndag 24/6 – Årdal, Vetti gård (Nasjonalparkfestivalen)
Onsdag 4/7 – Siglufjörður/Island (Siglufjörður folkemusikkfestival)
Torsdag 5/7 – Hafnarfjörður/Island, Hafnarborg
Lørdag 21/7 – Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag og konsert, Gardmillom)
Søndag 22/7 - Lom, Nordgard Aukrust (Foredrag, Gardmillom)
Mandag 23/7 – Lom, Spiterstulen
Tirsdag 24/7 – Lom, Leirvassbu
Fredag 27/7 – Oslo, Nasjonalgalleriet (Oslo Grieg Festival)
Lørdag 4/8 – Bergen, Troldsalen (Troldhaugens sommarkonsertserie)


Unni Løvlid
 
Joachim Kjelsaas Kwetzinsky, Foto: C.F. Wesenberg/kolonihaven.no
 
 
 
ARKIV:
25.09.07 I denne anmeldelsen som vi viderebringer fra Bergens Tidende, skriver Espen Selvik om MiN-ensemblets konsert under Septemberfestivalen.

17.09.07 I anledning Grieg-året skal pianisten Joachim Kjelsaas Kwetzinsky til St. Petersburg og Athen for å fremføre Griegs klaverkonsert i a-moll.

05.09.07 Denne helgen besøker MiN-ensemblet fra Nordland Bergen. De har to konsertprogram å by på: Ole Bulls-Hits og Kontinentale impulser.

04.09.07 5. og 6. september markerer BFO 100årsdagen for Griegs død med Grieg galla. Leif Ove Andsnes er solist i amoll-konserten, mens en rekke skuespillere medvirker ved utdrag av Peer Gynt i konsertversjon.

31.08.07 EKKO 2007 samarbeider dette året med Grieg 07 og Rikskonsertene. Fredag kveld kunne dermed improbandet Puma og Lasse Marhaug oppleves på Landmark.

08.08.07 3. august mottok Leif Ove Andsnse Peer Gynt-prisen. - Peer Gynt hadde mange drømmer og meninger som er fremmede for meg. Jeg er vel mer i slekt med Edvard Grieg, som stadig ville ut, men alltid lengtet hjem, sier han i et intervju med BT.

20.06.07 Grieg Force-utøverne Joachim Kwetzinsky og Unni Løvlid går for tiden i Jotunheimen i Edvard Griegs fotspor. Mandag holdt de konsert i Fjordstova i Luster, i Skjolden innerst i Sognefjorden. I går spilte de på Fossli hotell, hvor Grieg skrev sine "Norske folkeviser opus 66". Følg med på Joachim og Unnis blogg fra turen!

Gå til arkiv


Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version